Mustad fluer
Mustad er ein av verdas største produsenter av kroker, i tilleg har dei sidan veldig tidleg hatt eit stort utvalg av fluer tilgjengleg.
Selskapet har påverka fleire generasjonar med fluefiskarar i Noreg, og fluene har vore til inspirasjon og glede både i bindestikka og langs elva.
Original oppskrifter fra Mustad
Mustad museum på Gjøvik inneheld ei bok med handskrivne oppskrifter for store delar av fluemønstera som Mustad i si tid solgte. fluebinding.no fekk invitasjon av Geir Sivertzen (Dr. Hook) og Ole Andreas Bjerke til å komme på besøk og dokumentere denne boka. Vi vil gradvis dokumentere seksjonar av denne boka framover i 2025 og samtidig transkribere desse mønstera for å enklare kunne tyde dei.

Dette er eit særs viktig dokument for norsk fluebindehistorie, og vi vil takke Mustad museum for muligheten til å kunne dokumentere dette. I tillegg vil vi komme med fleire bilder og dokumentasjon fra andre ting på museet utover året.
Denne delen av sida vil kunne endre seg da dokumentasjonsarbeidet vil gi føringar på strukturen ettersom jobben blir gjort.
Feil kan forekomme, men ta kontakt vist du ser feil eller har meir informasjon tilgjengleg som kan hjelpe til med å dokumentere dette.
Mustad fluer
Dette er den første lista med originale Mustad fluer produsert her på sida, desse vil bli flytta til lista med originale oppskrifer i seksjonen over ettersom desse blir klare.


Mustad fluer, reproduksjon
Dette er fluer som er repodusert etter plansjar eller beskrivelse fra Mustad (ikkje-originale fluer).
